Kven var den russiske admiralen Cornelius Cruys?
(med 25 kjeldetilvisninger)
Torgrim Titlestad, 15.6.96

Kilde: P2-Akademiet I © Kulturredaksjonen P2, 1997
I oktober 1996 er det 300 år sidan tsar Peter den store grunnla den russiske flåten. Historikarane ser på bygginga av den russiske marinen som føresetnaden for at Russland heva seg opp til ei varig stormakt på europeisk nivå. Tsaren skapte til og med eit symbol på dette storverket sitt ved at han og sette i gang bygginga av byen St. Petersburg - som skulle vera Russlands vindauga mot vest. Det er ei av dei store bragdene i historia at Russland på vel 15 år frå nesten ingenting greidde å skapa seg ein krigs­flåte med internasjonal slagkraft. Til meir oppsiktsvekkjan­de blir det, då Russland var ei landmakt der den overvegan­de delen av befolkninga knapt nok såg havet nokon gong. Frå vår eiga norske historie veit vi at det tek generasjonar å utvikla ein sjømannstand som har sjømannskunsten «i blo­det», endå nordmenn flest har hatt havet i synsranda.
Kven skapte flåten?
Les vi om Peter den store og Russland på denne tida, slår det oss at han omgav seg med utanlandske medarbeidarar. Dei var så mange i tal, og fleire av dei hadde så stor inn­verknad i russiske affærar, at dei gamle russiske maktelitane raste mot det dei såg som framandvelde. Men Peter forsto at det var bruk for utanlandsk kunnskap og ferdigheter for å modernisera Russland. Mange av medarbeidarane hans er nemnde ved namn, og ein av dei heitte Cornelius Cruys. Den franske historikaren Henri Troyat seier at Cruys var «den utmärkte båtsmannen . . . som skulle sluta som admi­ral».1 Andre forfattarar skriv at han var hollendar2, mens andre igjen påstår han var dansk. Somme tider opplyser bøkene at han var hollandsk skipsspesialist og kartteiknar.3 Vi forstår at Cruys ikkje var uviktig for flåtebygginga i Russland, men han blir vanlegvis ikkje omfatta med noka særleg interesse i vest-europeiske verk.
Kven var Cornelius Cruys?
Denne Cruys - som stadig dukkar opp i eit par liner her og der - kven var han - og kva rolle spela han for skapinga av den russiske flåten? Kan vi eigenleg tilleggja han noka his­torisk betydning utover at han var eit av dei mange tann­hjula i det russiske marineapparatet? Å gjenoppdaga ein slik menneskelagnad kan av og til vera som å leita etter nåla i høystakken, særleg om ein ikkje kan russisk og ikkje har tilgjenge til russiske kjelder. Men det er ikkje så dårleg hjelp i ganske alminnelege norske og danske leksika: her står det på nokre få liner at han var fødd i 1657 og døydde i 1727 - som russisk admiral. Fødestaden hans var Stavanger i Norge, og døypenamnet var Niels Olsen. Nokre litteraturreferansar finst, og neste steget er å sjå at han var omfatta med ei viss interesse på slutten av førre hundreåret. Då pågjekk avklaringa av nasjonaliteten hans. Hollendarane måtte bita i graset for sine påstandar om at han var hollandsk. Den norske historikaren Ludvig Daae påsto dessutan at Cruys spela ei viktig rolle for etableringa av den russiske flåten.4 Lenge fanst det berre slengartiklar om han - artiklar som ikkje bygde på forskning, men på den vesle historietradisjonen som var drøvtygd frå før.
I 1949 gav Eiliv Odde Hauge ut ein roman om han -«Admiral av det blå flagg». På 1970-talet prøvde den norsk­tsjekkiske forfattaren Ladislav Reznicek fåfengt å få ut ei bok om Cruys - bygd på eiga forskning. Interessa for Cornelius Cruys såg ut til å vera over - han var på veg inn i gløymeboka. Først etter vi tok opp att Cruys-arbeidet i Sta­vanger, makta vi publisera boka til Reznicek i 1995 - «Sjø­ormens vei».5
Russarane og Cruys
Sjølv har eg interessert meg for Cruys sidan eg som 11-åring las ei barnebok om han.6 Då eg på 1990-talet fekk mykje med Russland å gjera, nemnde eg ofte Cruys for dei russ­iske kontaktane mine. Det undra meg at mange av dei ikkje hadde høyrt om Cruys. Ved hjelp av russiske venner fekk eg tak i og omsett kortare bokomtalar om han i ulike russ­iske verk frå tsar- og sovjettida. Då steig eit nytt bilete fram av Cruys: som nær venn av tsaren - som hovudansvarleg for bygginga av den russiske flåten. I nokre artiklar hylla russiske forfattarar han for ærlegdom, avdi han gjekk rakt på sak og for raseri over latskap og korrupsjon. Sjølv tsaren tykte «rettferda» hans var i største laget, og undra seg over djervskapen hans. Som B. Sjeremetjev skriv om Cruys: «Han hata tjuvar . . . arbeidsskye og snobbar av høg byrd . . . »7 Fleire stader sto det at han hadde som vane å seia folk det han meinte beint i åsynet på dei, slik at talet på uvennene hans stadig steig.8 Det slo meg at desse russiske skriftene hadde foreviga Cruys som ein engasjert og sympatisk personlegdom - eit førebilete på det menneske som ryddar opp i rot og dugløyse, dvs. ein mennesketype Russland trong og treng for å koma ut av bakevja si. Dette biletet av Cruys fanst det berre bitar av i vestlege verk eller - som i Norge - han var nesten gløymd ut. Når ein står framfor slike fenomen, spør ein seg sjølv om kva som er fakta og myte. Det første spørsmålet ein står framfor er å finna sikre kjelder til å kasta lys over personen. Det var inga enkel sak, då det av såvel russisk som vestleg litteratur var tydeleg at det var eit lite knippe med person­orienterte anekdotar som gjekk att. Det finst knapt referan­sar som hjelper oss til å plassera Cruys på den formelle rangstigen i det russiske statsapparatet. (Cruys er t.d. ikkje omtala i Stephen J. Lee sitt vesle standardverk om Peter.9 Det var og merkeleg at det eksisterte så lite kjeldereferansar om han.)
Faktagrunnlag for å få vita noko om Cruys?
For å klara opp denne saka sette underskrivne saman ei prosjektgruppe om Cruys: både for å finna kjeldene om Cruys og for å søkja russiske og hollandske historikarar som visste noko om han. Ein norsk hovudfagsstudent, Roy L. Aase, sette seg føre å skriva det første vitskaplege verket om han, som blir publisert i november 1997. I desember 1994 baud høvet seg til å koma inn i dei russiske arkiva i St. Petersburg der det finst originalkjelder om Cruys. Det vart ei overveldande oppleving. Ved det statlege russiske mari­nearkivet i St. Petersburg finst det såkalla kabinettet til admiral Cornelius Cruys: 73 saksmapper med over 12 000 ark.10Eit par russiske historikarar i St. Petersburg har alt i nokre år arbeidd med å lokalisera materiale om Cruys - eit ukjent materiale for oss nordmenn. Det dei fortalde om arbeidet sitt var òg fascinerande: inntil Gorbatsjovs perestrojka var det ikkje lov å granska dei 300 år gamle doku- menta til Cruys. Så seint som i 1990 var eit fjernsynspr gram om Cruys stogga, avdi han var utlending . . 11 På denne bakgrunnen forstår ein kvifor det i tre hundre år har vore skrive så lite om Cruys. Arkivet hans har vore stengt - i samsvar med den gamle hemmeleghaldingskultu­ren i Russland. Dei som har funne opplysningar om han, har fått dei i det som dei russiske styresmaktene opna for innsyn vedrørande Peter den store. I det materialet var Cruys ein av mange, mange andre personar. Først no - meir enn 300 hundre år etter at Cruys vart fødd, kan altså den verkelege forskninga om han ta til. Den kjem til å omfatta eit fleirnasjonalt forskarteam: russarar og nord­menn, men òg hollendarar. Det viser seg at fleire hollandske forskarar er opptekne av denne spesielle personen. Snart kjem det ut ei hollandsk-russisk samling av dokumenta hans frå eit Moskva-arkiv. Det er den hollandske historikaren Hans van Koningsbrugge ved Universitetet i Groningen som står for dette arbeidet. Konturane av mannen Cornelius Cruys tek til å avteikna seg. Vi blir klare over at han ikkje kunne få sin rettkomne plass i historia før 1990-talet, fordi kjeldematerialet hans ikkje var tilgjengeleg. Vi står samstun­des framfor omveltningar i oppfatninga av kven som var dei personlege drivkreftene i Peters omskaping av Russland.
Omfanget på flåteoppbygginga i Russland
Vi kan ikkje isolera oppbygginga av den russiske marinen til å vera ei rein militær sak. Den var kanskje i første rekkje eit stort økonomisk tiltak: det måtte skaffast kapital og ressur­sar til å byggja flåten. Det måtte etablerast infrastrukturar der russarane sette opp skipsverft, dvs. bustader, handel, vareleveransar etc. I stor grad måtte russarane skaffa seg utstyr frå Vesten - noko som stimulerte internasjonal skips­fart og økonomi. Sist, men ikkje minst, nokon måtte koor­dinera alle desse verksemdene samstundes som det vart hal­de eit kvasst blikk på kvaliteten i skipsbygginga og opptre­ninga av eit heilt nytt offiserskorps og nye skipsmannskap. Kjeldematerialet let oss forstå at det var Cornelius Cruys som fekk denne nykkelrolla. Vi kan spørja oss kvifor Peter plukka ut nett denne nordmannen til oppgåva?
Forhistoria til Cruys
Det umiddelbare utgangspunktet var posisjonen Cruys hadde i Holland - det at han stelte med vedlikehald og utrustning av hollandske skip, ein av dei mest betydnings­fulle skipsflåtane i verda på dette tidspunktet. Cruys hadde ry som ein kvalitetsperson. I tillegg hadde han, då Peter møtte han - i ein alder av vel førti år - ei enorm røynsle frå internasjonal skipsfart i tida. Cruys hadde ikkje berre stige i gradane frå dekksgut til skipskaptein i Holland. Han hadde, som han sjølv skreiv i eit brev - tent seks kongar og tre republikkar.12 I eit brev til Peter den store nemner han teneste i Frankrike, Danmark, Italia og Holland.13 Han skal og ha arbeidd i Spania. Han ferdast ikkje berre langs europeiske kystar. 1 1688 var han i asiatiske farvatn og dreiv med å heva verdigjenstandar frå forliste skip. Når historikarar påstår at det var om lag halv­parten av sjøfolka i Ost-Indiafarten14 som døydde under tok­ta, forstår vi at Cruys fiadde jernhelse. I tillegg skal han ha vore ein kjempekar - bortimot 1,90 m. Cruys var dessutan kjend for bråsinnet sitt. Om han kjende seg krenka, utfordra han til duell eller tok straks eit oppgjer på tørre nevane.15
Peter satsar på Cruys
Peter den store hadde nok ikkje vanskeleg for å skjøna at han sto framfor ein både gløgg, tiltaksrik og røynd sjøoffi­ser. Det var og ein person med eit stort kontaktnett og inn­sikt i internasjonal sjøfart og diplomati. Han var ein perfekt person for ambisjonane til Peter. I tillegg kom at Peter på kort tid hadde mist to av dei beste rådgjevarane sine, John Patrick Gordon (1635-99) frå Skotland og Francois J. Lefort (1656-99) frå Sveits, den første general, den andre admiral. Dei hadde òg fungert i ei slags farsrolle for den langt yngre Peter, fødd i 1672, d. 1725. Cruys steig inn i tomromet etter dei to nære vennene til Peter, og vi har kjel­der som fortel at Peter omtala Cruys som «far», og gav han farens plass ved bryllupet sitt med Katarina i 1712. Cruys og kona hans var trulovarar for tsaren og Katarina.16 På denne måten fekk Cruys ei stilling nærare tsaren enn det som elles hadde vore mogleg, då han kom til Russland i 1698, nett før dei to døydde. Dermed blir det sannsynleg, som det vart hevda ved marinearkivet i St. Petersburg - at når dei to førstepersonane i Russland på 1700-talet var ute av St. Petersburg, tsar Peter og fyrst Alexander D. Mensjikov, var det Cruys som styrte det russiske riket . . . Forholdet mellom Peter og Cruys var likevel ikkje enkelt. Peter var eineherskaren alle skulle kasta seg på kne for - og hadde eit hemningslaust sinne. På grunn av mykje svik og korrupsjon mistenkte han alle for å ville lura han. Cruys råka òg ille ut. Tsaren stilte han for retten, og skulda han for at eit av tsarens beste skip sokk. Cruys forsvara seg djervt, men fekk dødsdom. Domen vart omgjort til forvis­ning - men etter eit halvt år kalla tsaren han tilbake. Peter kunne ikkje greia seg utan den driftige nordmannen. Gjen­synet mellom dei to er skildra i ei rekkje bøker, og avslører ein kulturkollisjon.17

Då Cruys kom tilbake til St. Petersburg den 24. februar 1715, gjekk tsaren heim til han - noko som var uvanleg for tsaren - omfamna han og sa: «Eg er ikkje sint på deg lenger. Cruys mælte stutt: «ikkje eg heller . . .»
Dei norske kulturelle verdiane til Cruys
Den russiske forskaren Tamara Mazur legg merke til det ho kallar «admiralens stolte svar» til tsaren, noko eg vil kalla refleksar av dei norske kulturelle verdiane til Cruys. Han var oppvaksen i ein ikkje-føydal kultur, dvs. i den norske hamnebyen Stavanger frå ca. 1655 til ca. 1668. 1 dette tids­romet var han i ein alder der han fekk inn dei grunnleg­gjande haldningane når det galdt sed og skikk. Det ikkje­føydale elementet - i motsetnad til det føydale som elles rådde i Europa og endå sterkare i Russland - gjekk ut på at han var ein fri og uavhengig borgar. Samstundes hadde han nok fått med seg nokre av historietradisjonane i Norge på den tid. Kongesogene til Snorre Sturlasson var gjevne ut att eit par ti-år før han var fødd, og Stavangerområdet var fullt av sagaminne. Eit av dei mest synlege var den såkalla Erlingskrossen, ein 4 meter høg runestein som sto eit par hundre meter frå Domkyrkja, knapt ein km frå heimen til Cornelius. Den ruvde i landskapet som eit minne om vikinghovdingen Erling Skjalgsson - og måtte utfordra fan­tasien til ein unggut som Cornelius. Foreldra til Cornelius var heller ikkje gjennomsnittsmenneske. Det finst rettspro­tokollar som viser at familien var involvert i ein klassisk norsk nabostrid om eigedomsgrenser. Unge Cornelius fekk røyna at rettsapparatet fungerte til fordel for vanlege folk: faren vann saka - i strid med ynska til dei som var mektiga­re enn han i byen.18 I omtale av mor hans, heiter det at ho var stridbar og ikkje skoren for tungebandet. Ho og var inn­blanda i rettsaka. Eg har høyrt somme seia at ho var ei kranglevoren kvinne. Vi kan gjerne snu på flisa: ho var tru­leg ei uvanleg evnerik dame som ikkje fekk bruka evnene sine fullt ut i det mannsdominerte samfunnet på den tida.
Det fell rimeleg å tru at Cruys hadde den første tida si til sjøs på skip med mange norske sjøfolk. Norske sjøfolk var den gong - som seinare - ettertrakta av utanlandske reiarar. Difor kan vi nokså sikkert seia at sjølv om han drog ut i ung alder, forblei grunnverdiane hans av norsk karakter. Han var fri og stolt - og ikkje kuvd av tradisjonar som sa at han var undersått av ein eller annan føydalherre i Danmark, Tyskland, England, Frankrike - eller Russland. Retten var på hans side, ikkje i lommene på ein føydalherre, slik det elles var i den føydale delen av Europa.
Med slike kulturelle føringar kunne han lettare utfalda dei medfødde evnene sine, som han tydelegvis hadde flust av. Det viser posisjonen han bygde opp i Holland. Og det var desse evnene Peter den store skjøna han kunne dra nytte av. Omtalen av Cruys i Russland viser at han var ein sjølvbyrg person - for å nytta eit ord frå sagatradisjonen. Fleire episodar viser korleis han sette seg ut over russisk og utanlandsk skikk og tala sine overordna midt imot, same kva nasjon dei høyrde til. Russarane synest å ha elska han for den måten han t.d. valsa opp med innleigde vesteuro­peiske offiserar som drakk vel mykje: som den svære kar han var, slo Cruys kloa i dei. Dei late kunne han lempa opp og trilla dei eigenhendig overbord . . .19
Den mangfaldige personlegdomen til Cruys
Men Cruys var ikkje berre sjøoffiser av høg rang og krigs­mann. Han interesserte seg for industrireising, arkitektur og religion. Han fekk alt på 1700-talet æra for å ha oppret­ta den første evangelisk-lutherske menighet i Russland, med velsigning frå den gresk-ortodokse tsaren. I førsten samla han trusfellene sine til andakt i palasset sitt, og tok så initiativet til å reisa den første evangelisk-lutherske kyrkja i Russland. Dessutan grunnla han den første protestantiske skulen i Russland, den såkalla Petrischule, som framleis finst: den vart etterkvart ein utklekkingsanstalt for tysk­språklege russarar som fekk toppstillingar i Russland.20
Alle kunstinteresserte utlendingar ser med beundring på den vakre arkitekturen i St. Petersburg. Russiske guidar fortel at den gamle russiske hovudstadens fremste arkitekt var den vidkjende italienaren Domeniko Trezini. Det er kjent at Trezini vart så deprimert over det som skjedde då St. Petersburg vart bygd, bl.a. strauk det med bortimot 100 000 tvansgut­skrivne arbeidsfolk21, at han ville forlata byen. Det knapt nokon har visst til no, er at det var Cruys som overtalte han til å bli.22Sjølv om Cruys ikkje er nemnd i vestlege verk om St. Petersburg, spela han bl.a. på denne måten ei viktig rolle for at byen fekk den vakre utforminga som den framleis er kjend for.
Totalvurdering av Cruys
Det er altså grunn til å sjå på Cornelius Cruys med heilt nye augo. Det han vil bli hugsa mest for, er det vi kan kalla det koordinerande talentet hans: ut frå hovudoppgåva å reisa ein russisk marine, sette han i verk ei rekkje andre verk­semder for å fremja hovudføremålet. Som den russiske 1700-talsspesialisten Vadim V. Roginskij ved Instituttet for verdshistorie i Moskva skriv om Cruys:23

«Han var uten tvil den fremste av utlendingene i mari­nen, og man kan ofte få inntrykk av russisk litteratur at han var en tredjerangs person i makthierarkiet til Peter. Det er en misforståelse av hans reelle stilling, da byg­gingen av flåten var krumtappen i Russlands utvikling på den tiden. Da Peter åpent erklærte at han betraktet ham som sin «far» eller «bestefar», tyder det på at Cruys har spilt en enda viktigere rolle enn vi hittil har trodd. Grun­net manglende vitenskapelig forskning av alle de kilder som fins, har denne misoppfatning kunnet oppstå . . .»

Cruys hadde ikkje eit lett liv. Han møtte veggen gong på gong i kamp med det korrupte og late russiske byråkratiet -og til tider hadde han tsaren imot seg. Dugleiken hans og evna til å få det
uvanlege til, skapte dessutan stor misun­ning hos dei utanlandske kollegaene hans og. Då Cruys var i sekstiårsalderen, hadde den tidlegare så sterke og dynamiske mannen fått ei så svekka helse at han søkte om å få gå av. Truleg var ei hovudårsak av psykoso­matisk karakter: han tok kamp kvar gong nokon utfordra det han meinte var rett og rimeleg. Fordi Peter hadde så bruk for han i første fasen på Russlands veg mot vest, inntil flåten var sett flott, ca. 1715, hadde han fått ganske fritt armslag. Då Russland tok til å hausta der Cruys hadde sådd, hadde negeren gjort sin jobb . . . Det skulle byggjast flotte formelle strukturar og reglement. Cruys protesterte, fordi dei la band på det han meinte var nødvendige initiativ som ikkje kunne fylgja seine og buktande byråkratiske saksgangar. Men tida hans var ute. Timen var inne for dei per­fekte, profesjonelle skrivebordsfunksjonærane - som pas­sivt avventa direktiv - mens dei i korridorane aktivt fremja sine personlege økonomiske interesser . . .
Russland hadde nok fått ein mektig marine utan Corne­lius Cruys, men neppe så snøgt og i Peters levetid. Kombi­nasjonen av evnene og innsatsen til desse to enkeltperso­nane utgjorde ein sentral føresetnad for at Russland kom inn i ein normaliseringsprosess til dei andre europeiske nasjonane.
Konklusjon - Cornelius Cruys i norsk samanheng
Det er på tide at Cruys får sin rettkomne plass i norsk his­torie. Til no har han kome heilt i skuggen av den yngre Peter Wessel Tordenskjold.24 Tordenskjold kjem for alltid til å ha ein plass i den norske folkesjela. Men Cruys hadde utan tvil eit større og internasjonalt vengefang. På 1600­talet var det to nordmenn som var kjende ute i Europa: diktaren og historikaren frå Bergen, Ludvig Holberg - og sjømannen og multitalentet Cornelius Cruys frå Stavanger. Holberg framheva i Danmarks Riges Historie rolla til Cruys i Russland: «Jeg finder intet Land i Historien, der har bragt tilveie saa mange og habile Admiraler . . . Den be­kjendte Russiske Admiral Creutz er iligemaade en Nord­mand».25


Kjeldetilvisningar

1. Henri Troyat, Peter den store, svensk utgåve, Stockholm 1995: 102.

2. Robert K. Massie (svensk utgåve:), Peter den stora - Hans liv och vårld, Stockholm 1986: 581. På s. 209 nemner han rett nok at Cruys var «fodd i Norge av holländska foräldrar».

3. Edwin O. Okhuizen, The Dutch Contribution to the Carthography of Russia during the 16th - 18th Centuries, Russians and Dutchmen, J. Braat (red.), Groningen 1993: 106-07.

4. Ludvig Daae (1834-1910), Nordmænd og danske i Rusland i det attende aarhundrede, Historisk Tidsskrift, annen rekke, fjerde bind, Kristiania 1884.

5. Ladislav Reznicek, Sjøormens vei, Eivind A. Stavanger 1995. Føreord ved T. Titlestad.

6. Jan Ronold, Cornelius Cruys - småbygutten som ble admiral, Stavanger 1944.

7. B. Sjeremetjev, Sverdet til admiral Cruys, Morskoj Sbornik (organ for den sovjetiske marinen), nr 6/1989: 84.

8. lbid, nr 11/1990:30.

9. Stephen J. Lee, Peter the Great, London 1993.

10. Direktør Valentin G. Misjanov, Dokumenter om Cornelius Cruys i Det Russiske Statlige Marinearkivet (utarbeidd av hovudarkivar T. Mazur), Admiral Cornelius Crays - St. Petersburg, 9. desember 1994 - Stavanger, 16. februar 1995, Svein C. Sivertsen (red.), Stavanger 1995:28.

11. Opplyst av Georg Lowenstern under Cruys-seminar i Felix Dsjersjinskij-akademiet i St. Petersburg den 9. desember 1994.

12. Tamara Mazur, Cornelius Cruys' brev - Nye dokumenter til belysning av Cornelius Cruys' biografi, føredrag i Stavanger den 14. juni 1995, norsk omsetjing av Reidar Kydland: 4. Mazur viser til marinearkivets registernr: RGAVMF, F. 315, op. 1, d. 872, L. 55.

13. Ibid.

14. Sølvi Sogner, Ung i Europa - Norsk ungdom over Nordsjøen til Nederland i tidlig nytid, Oslo 1994: 96.

15. T. Mazur, op. cit. Stavanger 1995 (S. C. Sivertsen (red.): 25.

16. Nikolaj Pavlenko, Peter den store (på russisk), Moskva 1994: 367.

17. L. Daae, op. cit: 423, T. Mazur, op. cit Stavanger 1995: 26.

18. Sjå artikkel om barndomen til Cruys i Stavanger av bibliotekar Erik S. Gundersen, Admiral Cornelius Cruys' fødested, Ætt og heim, Stavanger 1950.

19. B. Sjeremetjev, op. cit: 83.

20. Nikolaj Uljanov og Natalja V. Lewitskaja, Petrischule Sankt Petersburg, St. Petersburg 1992: 7.

21. Henri Troyat, op. cit: 148.

22. T. Mazur, op. cit. Stavanger 1995: 26-27.

23. Føredrag på Cruys-seminar i Stavanger, februar 1995, Russland og Peter den stores reformer (s. 3), publisert på russisk i St. Petersburg 1995 - utvida utgåve av op. cit. 1995, redigert av Svein C. Sivertsen: 58.

24. Tordenskjold hadde ein bror som tente under Cruys i Russland: Henrik Wessel.

25. Sitert etter L. Daae, op. cit: 430. Daae legg til: «Dette var længe det eneste, som jeg selv vidste om denne Landsmand». Daae viste til Levins utgåve av verka til Holberg, bd. IIl, København 1856: 403.